Man
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Nord-nordvest 4.7 m/s 
Trykk: 1020.8
Dato: 25.03.2019
Tirs
Regn
Nedbør: 4.5 mm
Vind: Lett bris fra Nordvest 5.4 m/s 
Trykk: 1023.4
Dato: 26.03.2019
Ons
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Nord-nordvest 5.0 m/s 
Trykk: 1026.8
Dato: 27.03.2019
10°
Tor
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Vest-nordvest 3.1 m/s 
Trykk: 1030.0
Dato: 28.03.2019
Fre
Skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Lett bris fra Sør 5.2 m/s 
Trykk: 1022.1
Dato: 29.03.2019
Time StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Time

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Time
Jobb Time
Jærbladet
Leie Time
NRK Rogaland
Rogalands Avis
Time Kommune
Torget Time

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Toppverv til GrimsethNRK Sogn og Fjordane
Stian Grimseth frå Naustdal er ny president for Norges Vektløfterforbund. Han blei valt som leiar under tinget i Trøndelag denne helga. Toppvervet er noko Grimseth har tenkt på i fleire år.
2019-03-25 08:07:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rosar innsats NRK Sogn og Fjordane
Redningsmannskap frå Florø var dei første på staden då cruiseskipet «Viking Sky» fekk trøbbel på Hustadvika. Saman med andre redningshelikopter jobba dei i over 20 timar med å evakuere passasjerar frå skipet.
2019-03-24 21:41:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger tunnel for nattaNRK Sogn og Fjordane
Framfjordtunnelen på fv. 92 i Vik blir stengt fram til kl.6 måndag morgon, melder Statens vegvesen. Tunnelen har allereie vore stengt nokre timar på grunn av rasfare.
2019-03-24 19:14:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Florø slo Sogndal NRK Sogn og Fjordane
Florø slo i dag eit juniorprega Sogndal, skriv Firdaposten. Første omgang var mållaus. I andre omgang scora Eirik Høydal Vegard Savland to mål og Oskar André Nordal eitt for Florø. Kampen enda 3-0.
2019-03-24 18:41:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ruteendring på grunn av rasNRK Sogn og Fjordane
Fv. 180 mellom Fresvik og Feios er stengt på grunn av eit steinras. Fram til vegen opnar, melder Kringom at bussane går i rute mellom Vangsnes/Vik og Feios. Søndag kveld vert det også sett opp båt med avgang kl. 18.15 frå Vik til Fresvik. Retur frå Fresvik kl. 18.45 til Vik. I korrespondanse med båt frå Fresvik, går det søndag kveld buss frå Vik kl. 19.15 til Sogndal.
2019-03-24 17:21:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok seg vidare til sluttspelfinaleNRK Sogn og Fjordane
Damelaget til Førde Volleyballklubb vann semifinalen mot Koll. Førde vann alle sett og har sikra seg plass i sluttspelfinalen. I går tok herrane til Førde seg vidare til finalen.
2019-03-24 17:10:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på grunn av rasNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen opplyser at Framfjordtunnelen på fv. 92 i Vik er stengt på grunn av rasfare. Det har gått eit mindre ras, melder Vik kommune. Ny vurdering kl 19.00 sundag.
2019-03-24 15:59:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nok ein fjellovergang er open NRK Sogn og Fjordane
Fv. 50 Hol-Aurland er open for trafikk, melder Statens vegvesen. Vegen har vore stengt på grunn av uvêr.
2019-03-24 15:11:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Strynefjellet er opeNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 15 over Strynefjellet er no opna for trafikk, etter at uvêret stengde fjellovergangen.
2019-03-24 13:07:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rusa sjåfør med narkotika i bilenNRK Sogn og Fjordane
Ein bil med fire menn i 20-åra vart laurdag føremiddag stoppa av politiet i Førde, då sjåføren var rusa, skriv Firda. I bilen fann politiet hasj og marihuana, og ungdomane vart arresterte og avhøyrt. Ein av dei erkjente oppebevaring av narkotika.
2019-03-24 11:18:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet stengd til måndagNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 over Vikafjelelt blir ikkje opna sundag på grunn av uvêr og rasfare. Det melder Vegtrafikksentralen, som vil gjere ei ny vurdering måndag klokka 10.
2019-03-24 10:02:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problemsvingar skal bli retta utNRK Sogn og Fjordane
Svingane langs fv. 62 ved Apalneset i Hyllestad skal rettast ut, slik at større køyretøy kjem fram, skriv Firda. Svingane har lenge vore ei utfordring, og vegen er berre godkjend for køyretøy inntil 12,4 meter i lengda. No planlegg kommunen og Statens vegvesen kva dei kan gjere for å betre vegen.
2019-03-24 09:08:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

E16 Filefjell er åpnetNRK Sogn og Fjordane
Fjellovergangen over Filefjell er åpnet igjen for fri ferdsel etter at det har vært kolonnekjøring på grunn av uvær siden lørdag morgen. Det er fortsatt kolonnekjøring over Fv52 Hemsedalsfjellet og E134 Haukelifjell. Rv7 Hardangervidda er stengt.
2019-03-24 01:50:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kolonnekjøring på fjellovergangerNRK Sogn og Fjordane
Det er kolonnekjøring på alle de tre store fjellovergangene mellom øst og vest på grunn av uværet. Dette gjelder E16 Filefjell, Fv 52 Hemsedalsfjellet og E134 Haukelifjell. Rv 7 Hardangervidda og Rv 15 Strynefjellet er helt stengt.
2019-03-24 00:28:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Satsar på ungt entreprenørskapNRK Sogn og Fjordane
Arbeidet med å få fleire unge til å satse på eiga bedrift her i fylket held fram. Fylkeskommunen har underteikna nok ein samarbeidsavtale med Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane. Det er sett av nær ein million til arbeidet med entreprenørskap i år i skulane.
2019-03-23 21:01:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen er open i StrynNRK Sogn og Fjordane
Sjåføren som snurra rundt på rv. 15 Nordfjordvegen i Stryn er køyrd til legevakta med ambulanse. Naudetatane er ferdige på staden, og vegen er no open for trafikk. Politiet opprettar sak, men har ikkje mistanke om promille.
2019-03-23 19:54:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Førde-gutane til finaleNRK Sogn og Fjordane
Herrelaget til Førde Volleyballklubb tok heim sigeren mot TIF Viking. Dermed er dei klare for å spele finale. Kampen var spennande og gjekk til 3?2, etterfølgd av Golden Set. Der vann gutane 17?15.
2019-03-23 19:42:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkuhell på NordfjordvegenNRK Sogn og Fjordane
Ein bil har snurra rundt på riksveg 15 Nordfjordvegen i Stryn. Det er difor redusert framkome, men vegen er stengd på eitt felt, så det er mogleg å passere. Uhellet skal ha skjedd ved krysset til Smottevegen, men det er ikkje snakk om alorlege personskadar. Det seier politiet som no har folk på ulukkesstaden.
2019-03-23 18:58:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilt ferjeruteNRK Sogn og Fjordane
A-ruta mellom Mannheller og Fosnes er innstilt inntil vidare på grunn av dårleg vêr. Det melder Fjord1.
2019-03-23 18:10:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kansellert anløpNRK Sogn og Fjordane
Hurtigbåten på Nordfjordruta nordover til Selje vert kansellert på anløpet i Smørhamn på grunn av uvêret. Det melder Norled.
2019-03-23 18:03:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kontrollerte over 6000 passasjerarNRK Sogn og Fjordane
Dei eldste er flinkare til å bruke setebelte på buss enn ungdomane. I førre veke kontrollerte Statens vegvesen 6246 busspassasjerar på Vestlandet, og 439 av desse brukte ikkje belte. ? Vi er nøgde med det, men har framleis ein veg å gå for å nå ungdommen, seier Trine Villanger, kampanjeansvarleg i Statens vegvesen.
2019-03-23 17:38:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistenkjer promilleNRK Sogn og Fjordane
Politiet tar blodprøver av sjåføren som køyrde utfor vegen ved Haus i Eid. Dei mistenkjer at mannen i 50-åra køyrde med promille.
2019-03-23 15:06:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Utforkøyring på rv. 15NRK Sogn og Fjordane
Ein bil har køyrt av vegen ved Haus i Eid. Trafikken kan køyre forbi i det eine feltet, melder politiet på Twitter.
2019-03-23 14:21:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stor snøskredfare NRK Sogn og Fjordane
I Indre Sogn og Indre Fjordane er det stor fare for snøskred i dag, melder varsom.no. Sjølv om turvêret ikkje er av det beste denne helga, så ber NVE alle om å vere varsame i fjellet. På grunn av mildvêr er det observert fleire større og mindre skred.
2019-03-23 13:09:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt fram til sundagNRK Sogn og Fjordane
Fv. 180 er stengt ved Haukaneset mellom Feios og Fresvik etter eit steinras i går. Vegen vil vere stengt ut dagen i dag, før det blir ny vurdering kl. 10 i morgon. Vik kommune skriv at utrykkingskøyretøy truleg kan passere ved naudsituasjonar.
2019-03-23 12:14:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vind førte til ferjekrasj NRK Sogn og Fjordane
To ferjer blei skadde i ein samanstøyt i Askvoll, melder Firda. Fjord1 opplyser til avisa at den eine ferja blåste inn i den andre då begge låg til kai. Ferja MF «Davik» har fått skadar som gjer at ho ikkje kan gå i rute. Ferjesambandet Askvoll-Værlandet går no med passasjerbåt på grunn av dette.
2019-03-23 11:33:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Glatt langs Kjøsnesfjorden NRK Sogn og Fjordane
Det er særs glatt mellom Støylsnestunnelen og Skei på rv. 5, melder ein NRK-innringar. Han oppmodar trafikantar om å ta det roleg.
2019-03-23 10:37:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

? Tilpass farten NRK Sogn og Fjordane
Ein NRK-innringar melder om snø og sporete veg langs Jølstravatnet på E39 mellom Skei og Førde. Tilpass farten, oppmodar innringaren.
2019-03-23 10:25:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vikafjellet vert ikkje opnaNRK Sogn og Fjordane
Rv. 13 over Vikafjellet vert stengt ut dagen på grunn av uvêr. Det blir ny vurdering kl. 12 på sundag, melder Statens vegvesen.
2019-03-23 10:00:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til legevakt etter trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein 18 år gamal mann er sendt til legevakt etter ei utforkøyring ved Fardal på rv. 55 mellom Leikanger og Sogndal. Politiet vil opprette sak og etterforske ulukka, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
2019-03-23 09:43:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Strynefjellet vert stengt ut dagenNRK Sogn og Fjordane
Rv. 15 over Strynefjellet vert ikkje opna for trafikk i dag. Vegen er stengt på grunn av uvêr.
2019-03-23 09:28:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går ikkje innom Smørhamn NRK Sogn og Fjordane
Nordfjordekspressen mellom Selje og Bergen går ikkje innom Smørhamn i dag på grunn av dårleg vêr, melder Norled.
2019-03-23 08:35:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uværet øker på fjellerovergangeneNRK Sogn og Fjordane
Det kan bli innført kolonnekjøring på kort varsel på E134 over Haukelifjell, Rv 52 Hemsedalsfjellet og E16 over Filefjell, melder Vegtrafikksentralen Vest. Fra før av er Hardangervidda og Vikafjellet stengt for alle biler.
2019-03-23 02:37:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uvær stenger fjelloverganger i sørNRK Sogn og Fjordane
Rv 7 Hardangervidda: Stengt pga uvær. Rv 13 Vikafjellet: stengt pga uvær. Fv 50 Aurland?Hol:stengt pga uvær. Rv 15 Strynefjellet: kolonnekjøring pga uvær.
2019-03-23 01:38:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Havarikommisjonen ser på ulukkeNRK Sogn og Fjordane
Statens Havarikommisjon har starta arbeidet med å undersøke båtulukka på Gloppefjorden i fjor haust. Ein båt med fire personar byrja å ta inn vatn og gjekk ned på veg tilbake etter fiske. Ein mann omkom i ulukka.
2019-03-22 21:39:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mindre ras ved HundsånaNRK Sogn og Fjordane
Eit tredje steinras gjekk ved Hundsåna, på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde. ? Det er eit mindre steinsprang. Han som oppdaga raset har rydda vekk dei største steinane sjølv, og vi er på veg for å rydde dei mindre som ligg att, seier Ronny Sleire i Vegtrafikksentralen.
2019-03-22 20:28:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinsprang i NordfjordNRK Sogn og Fjordane
Steinar har også rasa over Stigedalsvegen, Riksveg 651, i Nordfjord. Ein personbil køyrde inn i steinane og er skada. Ingen personar vart skada, men vegen er no sperra, skriv politiet på Twitter. Vegvesenet har entreprenør på veg til staden for å rydde vegen, og trur den vil bli opna i kveld.
2019-03-22 20:04:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Steinras over vegen i FresvikNRK Sogn og Fjordane
På fylkesveg 180 i Fresvik har det gått eit steinras over vegen. Ingen personar, køyretøy eller bygningar er tatt av raset, seier politiet. Vegen blir stengd til i laurdag.
2019-03-22 19:55:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber alle i fjellet å vere varsameNRK Sogn og Fjordane
Både Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og NVE ber alle som skal halde seg i fjellet i helga om å vere varsame. Det er meldt mykje dårleg vêr og betydeleg snøskredfare. Med uvêr og dårleg sikt er det ekstra krevjande å vere i fjellet, då er det viktig å halde god avstand til skredterreng.
2019-03-22 19:16:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-22 18:48:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vind råkar Sogndal sin generalprøveNRK Sogn og Fjordane
Den sterke vinden på vestlandet gjer at treningskampen mellom Sogndal og Brann blir flytta frå Myrdal stadion til inne i Vestlandshallen laurdag. Kampen er Sogndal sin generalprøve før sesongen.
2019-03-22 17:02:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengd grunna filminnspelingNRK Sogn og Fjordane
Ospelitunnelen på Strynefjellet har vore stengd i fleire timar denne veka grunna innspeling av katastrofefilmen «Tunnelen». Ein NRK-tipsar står no i kø, og har fått beskjed om å vente ein time på grunn av vegarbeid. Vegvesenet stadfestar til NRK at det er filminnspeling.
2019-03-22 16:42:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mellombels innstiltNRK Sogn og Fjordane
På grunn av uvêr er ferjestrekka Losna ? Krakhella i Solund mellombels innstilt. Det melder Statens vegvesen.
2019-03-22 14:04:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ope på StrynefjelletNRK Sogn og Fjordane
Rv. 15 over Strynefjellet er open for trafikk. Det var kolonnekøyring på grunn av uvêr.
2019-03-22 12:53:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Krasja i narkorusNRK Sogn og Fjordane
Ein nordfjording i 50-åra er dømd til 40 dagar fengsel og mister førarkortet i to og eit halvt år etter eit trafikkuhell i fjor sommar. Politiet meinte mannen var rusa under køyreturen, og også brukte narkotika i etterkant sjølv om han burde forstått at politiet ville etterforske uhellet. Mannen vart også dømd for skadeverk og må betale 10.000 kroner i bot.
2019-03-22 12:39:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil fiske makrellstørjeNRK Sogn og Fjordane
Ein tredel av søkjarane for å fiske makrellstørje i år er frå Sogn og Fjordane. I alt fekk Fiskeridirektoratet 24 søkjarar på åtte plassar til årets fiske. Kvoten er på 239 tonn. Blant dei lokale søkjarane er både Bluefin frå Florø og Hillersøy frå Bulandet. Dei lokale søkjarane er også frå Stadlandet, Selje og Byrknesøy.
2019-03-22 07:33:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Redusert snøskredfareNRK Sogn og Fjordane
Snøskredfaren går ned eit hakk i Indre Fjordane frå stor til betydeleg i dag. I går blei det meldt om fleire snøskred i Gloppen, opplyser varsom.no. Varslingtenesta melder om ustabile forhold, og at ein må vente naturleg utløyste skred. Snøskredfaren er også betydeleg i Jotunheimen og i Indre Sogn.
2019-03-22 05:39:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Grønt lys for ny storskuleNRK Sogn og Fjordane
Ein ny storskule på Øyrane i Førde har fått grønt lys frå fylkesrådmannen, skriv Firda. Den nye vidaregåande skulen skal samle allmennfag og yrkesfag på Øyrane. Byggeperioden startar etter planen i juni 2020 og blir avslutta i desember 2022. Saka skal opp i fylkestinget om ein månad.
2019-03-21 22:01:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Samla nær 30 millionar til senterNRK Sogn og Fjordane
Måløy Marine Ressurssenter har sikra seg over 30 millionar kroner i eigenkapital, skriv Fjordenes Tidende. Både næringslivet og fleire kommunar har støtta senteret med fleire millionar. Målet er å bli eit forskingsinstitutt for marint næringsliv.
2019-03-21 21:30:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-21 20:54:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rekordmange søknadarNRK Sogn og Fjordane
Folk i Sogn og Fjordane søker om spelemidlar som aldri før. Fylkeskommunen har godkjent søknader om til saman 364 millionar, noko som er ein ny rekord. Det har vore nærast ei dobling i søknadssum dei siste tre åra.
2019-03-21 20:23:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil opne Harastølen hotell i 2021NRK Sogn og Fjordane
Harastølen hotell i Luster kan opne dørene i mai 2021. Det melder Sogn Avis, som skriv at ei finansiering nesten er på plass til første byggesteg. Formannskapet i Luster har også stilt seg positive til å gje hotellprosjektet eit lån. Luster-ordførar Ivar Kvalen meiner dei aldri har vore nærare å redde det gamle sanatoriet på Harastølen.
2019-03-21 19:38:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-21 18:45:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stryn Rando er avlystNRK Sogn og Fjordane
Med betydeleg snøskredfare og dårlege vêrmeldingar såg arrangørane seg nøydde til å droppe randoneekonkurransen, skriv Fjordingen. Arrangørane meiner det vert for risikabelt, og at det ikkje er forsvarleg å gjennomføre konkurransen.
2019-03-21 18:00:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Går hardt ut etter dataåtakNRK Sogn og Fjordane
? Dei er dritsekkar, seier nestleiaren i Årdal kjemiske fagforeining, Torleif Sand, etter dataåtaket på Hydro denne veka, til Sogn Avis. I går melde Hydro angrepet til politiet, og Kripos har no starta etterforsking. Sand meiner dei som står bak angrepet har sett arbeidsplassar, og i verste fall liv og helse i fare.
2019-03-21 16:54:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ti køyrde med mobil i handaNRK Sogn og Fjordane
Ti sjåførar fekk forenkla førelegg fordi dei brukte mobil medan dei køyrde i Førde sentrum, då utrykkingspolitiet hadde atferdskontroll i dag. Ein vart i tillegg politimeldt på grunn av tal prikkar på førarkortet.
2019-03-21 15:08:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vått døger på VestlandetNRK Sogn og Fjordane
Brekke i Gulen var den staden i fylket der det fall mest regn det siste døgeret. Der har det kome 61,8 mm nedbør dei siste 24 timane. I Høyanger har det kome 54,5 mm, melder Meteorologane på Twitter.
2019-03-21 11:30:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stryn Rando 3000 har reserveløysingNRK Sogn og Fjordane
Vêrmeldingane er dårlege og snøskredfaren er betydeleg, men det er ikkje aktuelt å avlyse Stryn Rando 3000 til helga, skriv Fjordingen. Arrangøren av randonee-konkurransen seier dei vil ta sine forholdsreglar, mellom anna ved å ha reserveløype på lur. Presseansvarleg Johan Olai Svidal seier til avisa at sikkerheit alltid er prioritet nummer ein for konkurransen.
2019-03-21 09:21:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sikra seg kjend professorNRK Sogn og Fjordane
? Som at Sogndal Fotball signerte Ronaldo. Det seier Vestlandsforsking om at dei har tilsett professor Benjamin Sovacool. Sovacool er ein av dei mest siterte forskarane i energi- og klimapolitikken, og skal jobbe med artikkelskriving og forskingsprosjekt i Vestlandsforsking.
2019-03-21 06:48:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dømt for overgrep mot tre jenterNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra frå Sogn og Fjordane er dømt til fire år og tre månader i fengsel for overgrep mot stedottera og to andre jenter. Bergen tingrett fann han skuldig i seksuell omgang med stedottera frå ho var 13 år, skriv Bergens Tidende.
2019-03-21 04:19:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-20 22:48:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde i 116 ? mista lappenNRK Sogn og Fjordane
En sjåfør mista lappen då han vart teken i laserkontroll på E39 ved Årdal i Jølster. Hastigheita målte 116 kilometer i timen i 80-sona. Dermed vart personen fråteken førarkortet og politimeldt.
2019-03-20 22:00:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fv. 50 kan bli stengd rasktNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland kan bli stengd på kort varsel, melder Vegtrafikksentralen. Vikafjellet nattestenger klokka 22.
2019-03-20 21:29:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-20 20:45:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Aurland?Hol openNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol er no open, etter kolonnekøyring.
2019-03-20 20:29:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stortap for KaupangerNRK Sogn og Fjordane
Fjøra vann fortent over Kaupanger i første kvalifiseringsrunde til NM i fotball. Heimelaget på Kaupanger Idrettspark slapp inn sju mål, og kampen enda 1?7. Allereie etter 32 minutt leia Fjøra 4?1.
2019-03-20 20:00:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-20 18:39:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gjekk med solid overskotNRK Sogn og Fjordane
Helse Førde gjekk nær 60 millionar kroner i overskot i fjor. Det er 30 millionar meir enn dei hadde budsjettert med, skriv helseføretaket i ei pressemelding. Overskotet skal bli brukt til investeringar, og skal vere ein buffer mot magrare tider.
2019-03-20 15:45:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ny styreleiar for MuseaNRK Sogn og Fjordane
Luster-ordførar Ivar Kvalen blir ny styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane, melder Firda. Han tek over etter Laura Kvamme, som har sete som leiar i åtte år.
2019-03-20 15:24:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Naustbukttunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 53 Naustbukttunnelen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen er mellombels stengd på grunn av ei mogleg hending, melder Statens vegvesen. Naudetatar er på veg.
2019-03-20 12:03:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir nattestengtNRK Sogn og Fjordane
Riksveg 13 Vikafjellet blir nattestengt frå klokka 22:00 i kveld til i morgon klokka 10:00 på grunn av uvêr, melder Statens vegvesen.
2019-03-20 10:49:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Håpar på nytt hotell innan tre årNRK Sogn og Fjordane
Borgundvaag AS og Nordfjord AS har kjøpt seg inn i Selje Hotell Invest AS, som jobbar med å stable eitt nytt hotell i Selje på beina, skriv Fjordenes Tidende. Hotellet brann ned i november 2016, og dei siste vekene har det vore hektisk aktivitet med å fjerne brannruinane frå tomta. Nyheita vart tysdag kveld presentert på eit møte i regi av Stad Vekst.
2019-03-20 10:11:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I dag er det vårjamdøgerNRK Sogn og Fjordane
2019-03-20 09:30:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha ferjepantNRK Sogn og Fjordane
Stein Malkenes i Miljøpartiet dei grøne seg ynskjer seg pant på gamle ferjer. Både staten og fylkeskommunen vil ha ein overgang til grøne ferjer, men korleis og kven som skal betale for gildet er ingen samde om. For at miljøgevinsten globalt ikkje skal gå i null, så føreslår Malkenes ei panteordning på eldre ferjer for dei selskapa som vil setje i drift såkalla grøne ferjer.
2019-03-20 09:18:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Betydeleg snøskredfareNRK Sogn og Fjordane
Det er betydeleg snøskredfare i Sogn og Fjordane både i dag og i morgon. Snøskredvarslinga varsom.no skildrar ein krevjande situasjon, der nysnø og vind kan gi svært ustabilt snødekke og fare for naturleg utløyste snøskred. For Jotunheimen og Indre Sogn kan svake lag lett bli påverka av både nysnø eller skiløparar. Varselet er på nivå tre på ein skala til fem.
2019-03-20 07:15:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

NHO vil granske omsorgstilbodNRK Sogn og Fjordane
NHO vil at alle institusjonar som driv med omsorg skal målast på kvalitet for pasientar og pårørande. NHO-topp Anne Cecilie Kaltenborn seier at pårørande og dei som treng omsorg, sjølv skal få velje kvar dei skal få naudsynt omsorg.
2019-03-20 05:18:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-19 22:51:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Moods-karane startar opp igjenNRK Sogn og Fjordane
Gründerane bak den konkursråka kleskjeda Moods of Norway startar opp igjen under varemerket «Moods», skriv Dagens Næringsliv. Dagleg leiar i Retail Drift, Gunn Heidi Lilleengen, seier at traktoren er bytta ut med gatekunst. Fredag opnar dei butikk i Oslo, samstundes lanserer selskapet ein ny nettbutikk.
2019-03-19 21:39:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber om meir pengar til ny vegNRK Sogn og Fjordane
Fjaler og Gaular kommunar ber fylkestinget løyve 40 millionar kroner ekstra til utbetring av fylkesveg 57 mellom Dale og Storehaug, skriv Firda. Frå før har dei fått 60 millionar kroner. Planen er å finansiere deler av totalkostnaden med bompengar, men no meiner ordførarane at det er naudsynt med større løyvingar frå fylket for å få dette til.
2019-03-19 21:25:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sluttstrek er settNRK Sogn og Fjordane
Avgjerda til statsadvokaten om leggje bort saka der ein pasient ved sentralsjukehuset i Førde køyrde utfor ei trapp i rullestol og døydde er endeleg. Ankefristen er no ute og avgjerda er ikkje klaga på. Dermed er det klart at saka ikkje vert gjenstand for behandling rettssystemet. Det var fylkesmannen som meinte at Helse Førde braut lova då ulukka skjedde. Fylkesmannen meinte at pasienten ikkje hadde fått forsvarleg helsehjelp.
2019-03-19 21:20:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsreyvenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-19 18:39:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil redusere hjortebestandenNRK Sogn og Fjordane
Miljødirektoratet rår Aurland og Lærdal kommunar til å redusere hjort- og elgstamma med minimum 50 prosent, skriv Sogn Avis. I brevet peikar direktoratet på tiltaket som ekstra viktig i arbeidet med å førebyggje skrantesjuke.
2019-03-19 18:12:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil bli ordførarNRK Sogn og Fjordane
Han har vore høgskulerektor, akademikar, forfattar og målmann. No vil han også bli ordførar. Jan Olav Fretland (69) stiller på topp for Lærdal SV ved kommunevalet i haust. Han har tidlegare vore fylkestingsrepresentant for partiet.
2019-03-19 18:10:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bjelde på landslagetNRK Sogn og Fjordane
Thea Bjelde frå Sogndal er teken ut i troppen til J19-landslaget si EM-kvalifisering i byrjinga av april. Noreg møter Nord-Irland, Ukraina og Danmark i kvalifiseringa på Hønefoss og Jessheim. Gruppevinnaren kvalifiserer seg for EM i Skottland.
2019-03-19 18:08:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fem fekk ikkje køyre vidareNRK Sogn og Fjordane
Under ein kontroll på riksveg 15 ved Skei i dag fann Statens vegvesen manglar på 12 av dei 18 køyretøya dei kontrollerte. Blant anna fekk heile fem køyretøy bruksforbod. Det skuldast tekniske manglar og manglande dokumentasjon.
2019-03-19 17:46:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Satsar 65 millionar kronerNRK Sogn og Fjordane
Denne vinteren og våren blir det investert over 65 millionar kroner i verksemdene under Alexandra-paraplyen i Loen. ? Det nye utsikts-anlegget på Hoven, Hotel Loenfjord og ikkje minst Alexandra Hotel går no framfor hovudsesongen gjennom store oppgraderingar og ombyggingar, seier direktør Richard Grov.
2019-03-19 13:49:56  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Samarbeider om sykkelrittNRK Sogn og Fjordane
Sogn Cykleklubb og Styrkeprøven har gått inn i eit samarbeid. Det gjer dei for å sikre at sykkelritta Jotunheimen og Sognefjellrittet kan halde fram. Avtalen mellom Sogn Cykleklubb og Styrkeprøven skal gjelde frå 2020 og i fem år fram i tid.
2019-03-19 12:56:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Forlét Venstre for MDGNRK Sogn og Fjordane
Advokat Odd Bovim har vore med i Venstre i 25 år. No blir han ordførarkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Kinn. Til Firdaposten seier han at han synest det var feil av Venstre å gå i regjeringa med høgresida.
2019-03-19 11:30:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hentar inn over 100 millionarNRK Sogn og Fjordane
Førde-selskapet Tibber hentar over 100 millionar kroner frå prestisjetungt Silicon Valley-fond, Petter Stordalen og Gustav Witzøe, skriv Dagens Næringsliv. Tibber lar kundane styre straumforbruket mot ein fast pris. Selskapet har vakse med rekordfart. No kjem også legendariske og omstridde Peter Thiels Founders Fund inn på eigarsida.
2019-03-19 08:18:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opnar for å legge ned barnehageNRK Sogn og Fjordane
Fjaler kommunestyre opnar for å leggje ned Guddal barnehage frå 1. august 2019, skriv Firda. Drifta vart innstilt for barnehageåret 2018/2019 på grunn av for få søkarar. Når ingen søkte plass i barnehagen for kommande barnehageår, er det difor ikkje grunnlag for vidare drift dei næraste åra, meiner rådmannen i Fjaler. No har eit samrøystes kommunestyre vedteke å sende saka ut på høyring.
2019-03-19 07:44:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I dag blir det mykje blålysNRK Sogn og Fjordane
Politiet opplyser vil drive med regodkjenning av utrykkingssjåførar i Sunnfjord i dag. Mellom klokka 09 og 1430 blir det difor ekstra mykje blålys på riksveg 5 mellom Førde og Florø, og E39 mellom Sande og Skei.
2019-03-19 07:23:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Betydeleg snøskredfare i fjelletNRK Sogn og Fjordane
Det er betydeleg snøskredfare i Indre Fjordane både i dag og i morgon. Ifølgje skredvarslinga varsom.no er nysnøflaka ustabile i leområde, medan vedvarande svake lag i snødekket lett kan påverkast der snødekket er tynnt. Faren for flaksred er på nivå tre av fem på faregradskalaen.
2019-03-19 06:20:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-18 22:16:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ynskjer høgfjellsskule velkomenNRK Sogn og Fjordane
Fellesnemnda i nye Sogndal kommune vil gjerne ha Noregs Høgfjellskule til Sogndal, skriv Sogn avis. Fellesnemnda har gått ut med ei fråsegn til organisasjonen Nortind som skal etablere skulen, og dei er svært positive til å få skulen til Sogndal. Nortind skal bestemme seg i løpet av våren for kor skulen skal etablerast.
2019-03-18 22:02:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ein medalje til Sogn og FjordaneNRK Sogn og Fjordane
Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg tok Sogn og Fjordane sin einaste medalje i junior-NM i skiskyting. Tvinnereim (i midten) gjekk inn til bronse i sprinten. Til venstre lærar og trenar, Sjur Ole Svarstad, og medelev Simon Hjelmeset Kirkeeide, som gjekk inn til ein 13.-plass i sprinten.
2019-03-18 21:16:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-18 20:44:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rekordlåge klimautslepp i Eid NRK Sogn og Fjordane
Eid har lågast klimautslepp av dei større kommunane i Sogn og Fjordane, viser tal frå Miljødirektoratet. Frå 2009 til 2017 har kommunen redusert klimautsleppa med 5,8 prosent.
2019-03-18 19:25:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå VestlandsrevyenNRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Mariann Reikerås.
2019-03-18 18:02:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skreiv 17 gebyr i fylketNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen skreiv ut gebyr for 25.500 kroner her i fylket, i samband med den landsdekkande bussbeltekontrollen førre veke. Men reknar ein det i gebyr så blir det berre 17 stykke i Sogn og Fjordane, av 569 som vart skrivne ut på landsbasis. Over 12.000 passasjerar blei kontrollerte.
2019-03-18 17:42:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil lage teater av «Jølster Hotell»NRK Sogn og Fjordane
Jeff Pedersen frå Askvoll har søkt kulturrådet om 100.000 til eit forprosjekt, med mål om å gjere eit teaterstykke inspirert av boka «Jølster Hotell», av Katrine Sele. I boka fortel Sele historia til fleire asylsøkjarar ved det no nedlagde asylmottaket på Vassenden.
2019-03-18 15:05:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Time StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.